• Annonse
  • Annonse
De frie evangeliske forsamlinger Søndagsskolen Normisjon Pinsemenigheten Tabernaklet NLM Haugesund Nordre Misjonsmenighet

Kristen Nærradio i Sunnhordland

Avisa Sunnhordland hadde fredag 18. januar eit oppslag om vår satsning på søndagsskuleprogram:
Radiosøndagsskuleprogram frå vårt distrikt blir no tilbode alle kristne nærradiostasjonar i heile landet.

Publisert av Nettredaktør i kategorien Kristenliv, Lokalt, Nyheter | Kommentarer er skrudd av for Kristen Nærradio i Sunnhordland

I fjor haust starta Søndagsskulen Karmsund Sunnhordland krets, i samarbeid med Kristen Nærradio Haugaland (KNH), opp noko heilt nytt, nemleg sendingar med radiosøndagsskule.

Ei radiosøndagsskulesending inneheld både element frå formidlingsopplegget til søndagsskulen, «Sprell levande», og søndagsskulebladet «Barnas». Det vil seia song, bibelforteljing, bøn, vitsar og fortsettingsforteljingar. I tillegg er det ei fast spalte som heiter «Min søndagsskule», der ulike søndagsskular i heile landet vert intervjua. Og så er det sjølvsagt konkurranse med sjanse for å vinna premiar.

– Me ynskjer å nå både dei borna som går på søndagsskulen og dei borna som ikkje gjer det, seier Elisabeth Fauskanger i søndagsskulekretsen. Ho synes det er ekstra kjekt med alle borna som på ulike måtar deltek i programma.

At programma også har mange vaksne lyttarar kan Odd-Erik Eriksson stadfesta, og han legg til at tilbakemeldingane på radiosøndagsskuleprogramma har vore over all forventning.

Tilbakemeldingar har kome frå lyttarar både i Nord-Rogaland, Sunnhordland, Ryfylke og områdene sør for Boknafjorden.

– Ja, til og med frå Sørlandet og Austlandet har me lyttarar via web-radioen, fortel Eriksson.

Radiosøndagsskulen skal difor ta eitt steg vidare. Alle programma vil frå 2013 bli fritt tilbode til alle kristne radiostasjonar og kan lastast ned via ein ftp-server straks dei er lagt ut.

Søndagsskulekretsen og Kristen Nærradio Haugaland vil laga timesprogram kvar veke i år, unnateke sommarmånadene.